§ 1 Namn
Foreningas namn er "Olavs Menn"
§ 2 Formål
«Olavs Menn» er ei kristen vikinggruppe.
§ 3 Gruppa sine oppgåver
Olavs Menn vil:
§ 4 Medlemskap og kontingent
For å bli med i Olavs Menn, må ein ha fylt 15 år og godkjennast av høvdingrådet. Ein blir tatt opp som medlem ved ein eigen seremoni.
Årsmøtet vedtek årskontingenten for medlemene. Kontingenten skal betalast forskotsvis.
Alle som vil kan vera støttemedlem i organisasjonen.
Møte og arrangement i regi av Olavs Menn skal vera rusfrie.
§ 5 Organisering av gruppa
Snorre har gjort greie for korleis Heilag Olavs hær var organisert. Med utgangspunkt i denne beskrivinga, blir Olavs Menn i delt opp i desse tre kategoriane:
HUSKARAR (Kongsmenn)
Alle medlemer som har gått igjenom opptaksseremonien.
GJESTER (Krossmenn)
Medlemer som set av tid til frivillig arbeid for organisasjonen.
RINGBÆRARAR (Kristmenn)
Den øvste graden blant Olavs Menn. Av desse krevst det ein særleg innsats.
Utestenging
Ein Olavsmann kan bli utvist om han motarbeider gruppa sine verdiar eller leiing, lever eit liv som vekker forarging, eller manglar vilje til samarbeid.
§ 6 Styret (Høvdingrådet) og val av styre
Olavs Menns høgste organ mellom Tinga er Høvdingrådet. Merkesmannen utnemner og leier Høvdingrådet.
Høvdingrådet er sett saman av:
- Merkesmannen (leiar),
Blir valt på Tinget kvart 4. år. Merkesmannen kan veljast på nytt når ein periode er ute.
- Stallaren (nestleiar)
Blir utnemnt av Merkesmannen, etter at han har samrådd seg med høvdingane.
Andre høvdingar (styremedlemer)
Merkesmannen utnemner, i samråd med Stallaren, andre medlemer til Høvdingrådet for lengre eller kortare periodar, alt etter kva for oppgåver som skal løysast.
MØTE
Høvdingrådet skal halde møte minst fire gonger i året, og elles når Merkesmannen, eller eit fleirtal av høvdingane ynskjer det.
Høvdingrådet kan gjera vedtak når eit fleirtal av høvdingane er til stades. Vedtak blir fatta med alminneleg fleirtal av stemmene. Er det like mange stemmer for og i mot ei sak, tel Merkesmannen si stemme dobbelt.
Om nokon i Høvdingrådet trekkjer seg, eller av andre grunner fell frå, skal Merkesmannen ta ansvar for hans oppgaver. Merkesmannen kan også utnemne ein ny høvding, etter samråd med dei sitjande høvdingar.
Høvdingrådet sine oppgåver
§ 7 Årsmøtet (Tinget)
Tinget er Olavs Menn sitt høgaste organ. Tinget skal haldast kvart år innan utgangen av mars. Høvdingrådet skal kalle inn medlemene med tre vekers varsel. Saker til Tinget skal sendast til Høvdingrådet seinast to veker før årsmøtet. Heil saksliste må være tilgjengeleg for medlemene seinast ei veke før Tinget.
Alle medlemer som har betalt kontingent, har rett til å møte på Tingsamlinga. Høvdingrådet kan også invitere andre.
Tinget er vedtaksført med dei medlemene som møter. Ingen har meir enn ei stemme, og ingen kan stemme med fullmakt. Om ikkje anna er bestemt, er eit vedtak gyldig dersom det er fatta med alminnelig fleirtal. Blanke stemmer blir ikkje rekna med.
§ 8 Ekstraordinært Ting
Det skal haldast ekstraordinært Ting når Høvdingrådet bestemmer det, eller minst 2/3 av dei stemmeføre medlemene krev det.
Møteinnkalling og vedtak skjer etter dei same reglane som for ordinære årsmøte.
§ 9 Vedtektsendringar
Forslag til endring av Olavs Menn sine vedtekter, må meldast til Høvdingrådet minst ein månad før ei Tingsamling. Då vil endringsforslaget koma med på sakslista. Det krevst 2/3 fleirtal av stemmene på Tinget for å endre vedtektene.
§ 10 Oppløysing (opphør)
Oppløysing av Olavs Menn kan berre avgjerast på Tinget. Dersom Tinget vedtek oppløysing med minst 3/4 fleirtal, blir det kalla inn til ekstraordinært årsmøte 6 månader seinare. For at oppløysing skal skje, må vedtaket gjerast på nytt her med 3/4 fleirtal.
Dersom Olavs Menn blir løyst opp som organisasjon, skal høvdingrådet setja ned ei gruppe som avgjer korleis verdiane skal delast ut. Materiell og installasjonar skal seljast eller gjevast vekk. Verdiane skal tilfalle ei foreining, stifting, eller anna godt føremål som driv verksemd av same eller liknande karakter som «Olavs Menn» har drive.
Copyright © All Rights Reserved